Norsk Redaktørforening gir Rustad ei formell åtvaring
Styret i Norsk Redaktørforening har vedteke å gi Document-redaktør Hans Rustad ei formell åtvaring, skriv dei i ei pressemelding.
Rustad har teke imot åtvaringa fredag.
Grunngjevinga frå styret gjeld tre forhold: Manglande etterleving av grunnleggande journalistiske prinsipp, konkrete handlingar knytt til sjølvdømmeordninga og udokumenterte og sterke skuldingar mot andre redaktørstyrte medium.
– Det er viktig for styret å understreke at målet med denne prosessen ikkje er eksklusjon. Styret ønsker vidare dialog og vil bidra konstruktivt, dersom Hans Rustad sjølv ønsker det, seier styreleiar Tora Bakke Håndlykken i Norsk Redaktørforening i pressemeldinga.
Hva er din reaksjon?
Liker
0
Misliker
0
Elsker
0
Morsom
0
Wow
0
Trist
0
Sint
0
Kommentarer (0)